Prøvesong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Prøvesong er ein metode for å testa songevna til ein potensiell songar, nytta mellom anna i kor. Under prøvesongen vert prøvesongaren beden om å syna sitt musikalske talent, register og stemmeklang. Til dømes kan dette gjerast ved å syngja somme oppvarmingssongar, og gjerne ein kjend song. Dersom dirigenten finn songevna til prøvesongaren tilstrekkeleg, vil han eller ho kunna verta teken opp i koret.