Pragelato

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Pragelato

Pragelato er ein kommune i provinsen Torino i regionen Piemonte i det vestlege Italia. Kommunen har eit areal på 89 km² og 776 ibuarar (2015). Landsbyen Pragelato ligg 1518 meter over havet i den øvste delen av dalen Val Chisone, ei 10 km aust for Sestriere.

Då byen Torino vart tildelt Vinter-OL 2006, valde ein å leggje øvingar i nordiske greiner på ski til Pragelato. Meir enn hundre års nedgang i folketalet vart då snudd, slik at det i 2015 var over 300 fleire ibuarar i kommunen, samanlikna med i 2001.

Turisme er hovudnæring i Pragelato.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]