Presenning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Presenning over ein båt.

Presenning er ein kraftig duk som vert nytta for å dekka over og verna ulike ting mot ver og vind. Presenningar er laga av vasstett materiale,[1] som til dømes kanvas eller polyester dekt med ei eller anna form for plastmateriale.

Ordet «presenning» kjem via lågtysk presenning, persenni(n)g frå fransk préceinte for 'kleding, vern'. Dette igjen er avleidd frå latin praecinctus, 'omgjeve'.[2]

Presenningar vert nytta til å dekka og halda på plass stykkgods under transport og lagring, til å verna båtar i opplag mot regn og snø osb. På byggjeplassar nyttar ein ofte presenningar for å verna materialstablar og andre byggmaterialar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Presenning». Store norske leksikon. 20. februar 2018. 
  2. «Presenning». ODS bind 16, 1936.