Prevlaka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For halvøya i Kroatia, sjå Prevlakahalvøya

Prevlaka er ei øy i Adriahavet i kommunen Tivat i Montenegro.

Ho ligg nær byen Tivar i Kotorbukta. Øya er 300 meter lang og 200 meter brei og er forbunde til fastlandet via ei smal landfylling.

Øya var bustaden til metropolitten i Zeta bispedøme frå 1200-talet til 1400-talet. Ho var ein feriestad for militært personell og stengd for vanlege borgarar under sosialisttida i Jugoslavia. I dag er øya busett av om lag hundre menneske, som hovudsakleg bur i bungalower.

Prevlaka må ikkje forvekslast med Prevlakahalvøya som òg ligg i Kotorbukta, men som høyrer til Kroatia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]