Priamos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Priamos vert drepen av Neoptolemos; detalj på ein keramikkvase frå 520-510 fvt.

Priamos var i gresk mytologi kongen av Troja då hellenarane drog dit med hæren sin under trojanarkrigen. Priamos var son til Laomedon, gift med Hekabe og far til Hektor, Paris og Kassandra. Då Troja fall vart Priamos drepen av Neoptolemos, son til Akilles.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Priamos