Produksjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Produksjon er ein prosess der menneskje omskapar stoff frå naturen til produkt for å tilfredsstille materielle behov. Produksjonen krever både råstoff (materie) og menneskeleg arbeidskraft. Utviklinga av produksjonen krev stadig meir utvikla produksjonsmiddel (verktøy, maskinar, osv.).

Summen av ein produsent sine produksjonsmiddel, råstoff og arbeidskraft, inkludert produktive eigenskapar ved arbeidskrafta, som kunnskap og dyktigheit utgjer produsentens produktivkrefter. Summen av samfunnsmessige ordningar (f.eks juridiske), som eigedomsforhold, kontroll over produksjonsmidla og kontroll over arbeidskraft utgjer samfunnets produksjonsforhold.