Programmeringsspråket Prolog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Prolog (programming in logic) er eit deklarativt programmeringsspråk sett saman av logiske slutninger. Det består både av eit reint logisk språk og tilleggsfunksjonar som gjer at ein kan bruka programmeringsspråket til det meste, som til dømes å laga grafiske brukargrensesnitt (GUI). Språket vert brukt mykje innan kunstig intelligens.

Døme: Vi kan deklarera ei sanning ved å fortelja Prolog følgjande:

katt(tom).

som er ekvivalent med

katt(tom) :- true.

Her er nokre døme på spørjingar vi kan spørja Prolog-programtolkeren:

er tom ein katt?

?- katt(tom).  
    yes.

Kven er kattar?

?- katt(X).  
    X = tom;
    yes.

Prolog er likt predikatlogikk på den måten at det er fullt mogleg å direkte omsetja dei fleste predikatlogikksetningar ved å berre erstatta operatorane i setninga med dei ekvivalente operatorane til prolog.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]