Programmusikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Programmusikk er (klassisk) musikk som representerer eit program – det vere seg ein scene, eit dikt, ei hending eller noko anna ikkje-musikalsk. Det motsette av programmusikk er absolutt musikk. Eit typisk døme på programmusikk er tonediktet.

Omgrepet[endre | endre wikiteksten]

I programmusikk snakkar vi om eit program eller ein idé som ligg utanom det musikalske verket – det kan vere ein litterær eller historisk referanse, ein sjeletilstand etc. Programmusikk har slik sett ein referanse i menneskeleg erfaring som lèt seg skildre verbalt.

Omgrepet er nesten utelukkande nytta om den europeisk klassiske musikken, og særskild innan romantisk musikk. Det vert vanlegvis berre nytta om instrumentalmusikk, ikkje om viser eller opera.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Beethovens 6. symfoni, den såkalla Pastoralesymfonien, «fortel» ei historie om livet på landet, og dei ulike pastorale scenene kan kjennast att i formspråket til musikken. Eit døme på norsk programmusikk er dei fem symfoniske dikta av komponisten Hjalmar Borgstrøm der diktet Hamlet, skriven for orkester og klaver, vert rekna å vere hovudverket hans.

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Ein annan komposisjon av Beethoven, den såkalla «Måneskinnssonaten», er nytta for å framstille denne måten å oppfatte musikk på som upåliteleg og tilfeldig. Det vert hevda at Beethoven ikkje tenkte i programmusikalske banar i det heile tatt då han skreiv denne komposisjonen, som i røynda har namnet «Pianosonate nr. 14 i ciss-moll quasi una Fantasia». Tilnamnet Måneskinnssonaten stammar frå musikkjournalisten Rellstab etter ein båttur på Vierwaldstätter See, fleire år etter Beethoven døydde. Fantasien gir lyttaren lov til å fantasere og assosiere.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]