Prokurator

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Prokurator, av latin procura'tor, er ei eldre nemning for sakførar; eigentleg ein styrar, forvaltar som tek i vare andre sitt tarv.

Før sakførarnæringa vart frigjeven i Noreg i 1848, var prokurator tittelen på utnemnde sakførarar.

I Romarriket var prokurator tittelen på visse embetsmenn, mellom anna styrarar av mindre keisarlege provinsar. I mellomalderen vart nemninga til vanleg nytta om ein anklagar eller bestillingsmann.

I dagens norsk vert prokurator ofte nytta nedsetjande, til dømes i tydinga ordkløyvar, eller i prokuratorknep, med assosiasjonar til lureri og fanteri.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]