Prosessen
Der Prozeß | |
![]() | |
Forfattar(ar) | Franz Kafka |
---|---|
Språk | tysk |
Blei til | 1914 |
Sjanger | absurd litteratur, dystopisk fiksjon |
Utgjeven | 1925 |
Prosessen, opphavleg Der Process,[a] er ein ufullendt, posthumt offentleggjort surrealistisk roman av den bøhmisk-jødiske forfatteren Franz Kafka. Romanen blir rekna som Kafkas hovudverk, og mange ser romanen som det viktigaste litterære verket i nyare historie. Boka kom ut i 1925
Romanen handlar om «Josef K.», som blir vekt av politiet ein morgon og arrestert utan å få vite kva han er sikta for. I romanen følgjer vi hovudpersonen sin veg gjennom eit absurd og labyrintisk rettssystem. Boka har gjeve namn til omgrepet Kafka-prosess, ei nemning på ein umogleg kamp mot eit ugjennomtrengjeleg byråkratisk system.
Merknadar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ stavemåtane Prozeß, Prozess og Proceß er også nytta
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Prosessen» frå Wikipedia på bokmål, den 26.11.2007.