Pryluky

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pryluky
Прилуки
by
Ei kyrkje i Pryluky
Flagg
våpen
Land  Ukraina
Oblast Tsjernihiv oblast
Rajon Pryluky rajon
Koordinatar 50°36′N 32°24′E / 50.600°N 32.400°E / 50.600; 32.400
Areal 42 km²
Folketal 58 890  (2011)
Folketettleik 1 402 / km²
Først nemnd i 1085
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 17500 - 17511
Kart
Pryluky
50°36′N 32°24′E / 50.6°N 32.4°E / 50.6; 32.4
Wikimedia Commons: Pryluky

Pryluky (ukrainsk Прилуки) er ein by ved elva Udaj i Tsjernihiv oblast, nord i det sentrale Ukraina. Han er det administrative senteret i Pryluky rajon (distrikt), medan sjølve byen er eit eige rajon i oblastet. I nærleiken ligg Pryluky flybase, ein viktig base under den kalde krigen og i dag den største flyplassen i Ukraina. Byen har kring 60 000 innbyggjarar (2011).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske funn har synt at det har budd folk her i fire tusen år. Pryluky vart først nemnd i 1085 av fyrst Volodymyr Monomakh. Det låg då ei festning her. Byen vart ofte plyndra av austlege nomadiske folk og vart eit senter for dei øydeleggande krigane mellom dei rutenske fyrstane. I 1239 vart Pryluky øydelagd av mongolane. I 1362 vart byen erobra av Litauen.

Etter Lublinunionen i 1569 kom byen under polsk styre, og mange av innbyggjarane rømde til andre stader lenger aust. På 1600-talet tok kosakkane del i Khmelnytskyjopprøret. Byen hadde lenge ei viktig og mektig festning i nærleiken av grensa, men då grensa vart flytta lenger sør, vart byen mindre viktig.

Pryluky er på lista over dei eldste byane i Ukraina og i 1995 vart han erklært ein av dei historiske byane i landet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]