Pseudokode
Utsjånad
Pseudokode er programkode som ikkje er skrive på eit programmeringsspråk, men som i staden er meint å gje eit oversyn over korleis programmet eller algoritmen verkar.
Det finst ingen standard for korleis pseudokode skal vera utforma, men det er vanleg å nytta innrykk.
Døme på pseudokode:
program handsam_X(x)
om x større enn 20
print('verdien av x er for stor')
elles
bruk_X(x)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«pseudokode» av Henrik Dvergsdal i Store norske leksikon, snl.no. Henta 23. mars 2016.