Pukë

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pukë
Frå sentrum av Pukë
Frå sentrum av Pukë
Byvåpenet til Pukë
Byvåpenet til Pukë
Styresmakter
Land
Region
Albania
Shkodër
Geografi
Flatevidd
 - By

506 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2011)

11 069
Koordinatar 42°3′0″N 19°54′0″EKoordinatar: 42°3′0″N 19°54′0″E
Tidssone CET (UTC+1)
Plassering
Pukë kommune innafor regionen Shkodër
Pukë kommune innafor regionen Shkodër

Pukë er ein by og ein kommune i regionen Shkodër i Albania. Kommunen ligg nord i landet og grenser i sør mot regionen Lezhë.

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Pukë vart slått saman med landkommunane Gjegjan, Rrapë, Qelëz og Qerret.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Pukë.

Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 3 607 innbyggjarar, medan dei fem kommunane som i dag utgjer storkommunen Pukë, til saman hadde 11 069 innbyggjarar.[1]

Tidlegare administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Pukë.[3] Den dåverande bykommunen omfatta sjølve byen Pukë og busetnadene:[2]

  • Pukë
  • Lajthizë

Referansar[endre | endre wikiteksten]