Pulmonalklaff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pulmonalklaffen er ein hjarteklaff og sit i utløpet frå høgre hjartekammer og i starten av lungepulsåra (pulmonalarterien). Han slepp blodet frå hjarte og ut i lungekretsløpet når hjarte trekkjer seg saman (systolen). Når hjarte på nytt blir fylt (diastolen) hindrar klaffen blodet i å renne attende.

Pulmonalklaffen har ein sirkelforma grunnflate. Han har tre kuspar (frå engelsk cusp) eller lommer, som opnar når trykket i venstre hjartekammer stig. Når trykket søkk, snur blodstraumen og lommene blir fylt med blod og klaffen lukkar. Han liknar derfor på veneklaffane.