Punghare

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Punghare
Easter Bilby.jpg
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Overorden: Australidelphia
Orden: Peramelemorphia
Familie: Thylacomyidae
Slekt: Punghare Macrotis

Punghare eller pungkanin er ei gruppe australske pungdyr som i dag berre har ein attlevande art, stor punghare. Liten punghare blei utrydda på 1950-talet. Taksonomisk er pungharar klassifiserte i slekta Macrotis i familien Thylacomyidae. Stor punghare er den einaste nolevande arten i denne gruppa. Punggrevlingar er nolevande dyr med nokså nær slektskap og likskap. På engelsk blir pungharen kalla bilby, eit lånord frå aboriginarspråket gamilaraay[1] som også er kjend på wiradjuri.[2]

Pungharar har lange bakbein og korte frambein. Øyro er ekstra lange. Halen er lang med ein dusk i enden. Pelsen er mjuk og silkeaktig.

Dyra finst i ørkenstrøk, der dei lever i gangar i jorda, 1–2 m under overflaten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]