Pyrometer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Optisk pyrometer
Ein sjømann sjekkar temperaturen i eit ventilasjonssystem.

Eit pyrometer er eit instrument for måling av helst høge temperaturar. Strålinga frå lekamen ein skal avgjere temperaturen til vert fokusert ved hjelp av eit objektiv inn i instrumentet der strålinga vert analysert og temperaturen avgjort.

Forskjellige pyrometer nyttar forskjellige måtar å analysere strålinga på. Både intensiteten og spektralfordelinga til strålinga varierer med temperaturen. Den totale intensiteten til strålinga aukar med temperatur og spektralfordelinga vert forskyvd mot høgare frekvensar med aukande temperaturar. Ein lekam som er kvitglødande er derfor varmare enn eitt som er raudglødande.

Av dei forskjellige pyrometera finn ein totalstrålepyrometeret der den totale energimengda i strålinga vert målt, tostrålepyrometer der to frekvensband av den totale strålinga vert filtrert ut, optisk pyrometer der fargen på strålinga visuelt vert samanlikna med fargen på ein glødetråd.

Alle pyrometer baserer seg på prinsippet om svartlekamstråling, men sidan strålingskjelda aldri ville vere ein svartlekam, er dette ei feilkjelde for alle typar pyrometer. «Graden av svartheit» vert kalla emittans. Dersom ein kjenner emittansen til målelekamen, så kan ein kompensere for denne feilen.

Måling av høge temperaturar vert kalla pyrometri og vert hovudsakleg nytta for temperatur mellom –20 °C og kring +3000 °C.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pyrometer