Pythia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Prestinnen i Delfi (1891), framstelt av John Colliar; Pythia er inspirert av pneuma som steig opp frå kor ho sett på ein tripod.

Pythia var ein tittel på Apollons prestinne ved Orakelet i Delfi. I den eldre tida var ho ei ung jomfru, men seinare, kanskje allereie frå Aiskhylos' tid, ei minst 50 år gammal, tidvis gift kvinne. Truleg skulda dette at Echekrates, ein vitjande frå Thessalia, var vorte så betatt av den unge Pythia at han bortførde og krenkte ho; Delfis innbyggjarar sørgde etter dette for at Pythia var ei middelaldrande dame, skjønt kledd i kjolen til ei jomfru som ei påminning om ungen i tidlegare tiders profetinner.

Ho måtte ha godt rykte og vera av god herkomst. Ho sett på ein koparkjele med tre bein som var plassert over ein revne i jorda, hvor det steig opp giftig vulkanisk bedøvande damp. I ekstasen, når ho var besett av guden, utstøytte ho uartikulerte lyder som vart tolka av prestane og overført til symbolske fleirtydige vers. Dette motsies likevel av dei antikke kjeldene, som einstemmig hevdar at Pythia talte forståeleg, og framførde spådomane med sin eige stemme.

Ei kvinne som vart utpeikt til Pythia, halde på tittelen heile livet. Namnet Pythia kjem frå det greske verbet píthin (= å rotna), som viser til stanken frå slangen Python då ho gjekk i forråtnelse etter at Apollon hadde drepe ho.

Orakelet i Delfi vart etablert på 700-talet f.Kr. og utvikla seg til det mest berømte orakel i den greske verda, fram til det, i likskap med andre heidenske tempel, vart beordra stengt av keisar Theodosius den store i år 393. Forfattarar som har omtalt orakelet, er Herodot, Thukydides, Evripides, Sofokles, Platon, Aristoteles, Pindar, Aiskhylos, Xenofon, Diodorus, Strabo, Pausanias, Plutark, Livius, Junianus Justinus, Ovid, Lucan og Julian.

Nylege geologiske undersøkingar har påvist utslipp av gass frå ei revne i jorda som kan ha gjeve opphav til myten om orakelet i Delfi. Det kan ha vore snakk om etylen eller metan. CO2 og H2S ville tydd på at revnen var eit resultat av seismisk aktivitet, noko som lèt seg sameina med at helligdommen vart vigd til jordskjelvguden Poseidon.

Diodorus Siculus beretta på 100-talet f.Kr. at ein gjeter ved namn Kouretas ein dag noterte at ein av geitene hans, som hadde ramla ned i ein sprekk i jorda, oppførde seg rart. Då han sjølv kraup ned vart han fylt av ei kjensle av eit guddommeleg nærvær og kunne sjå inn i fortid og framtid. Han delte sin oppleving med andre i landsbyen, og mange tok vegen til staden, inntil ein av dem strøk med av opplevinga. Frå då av fekk berre ungpiker lov å nærma seg sprekken, og då berre etter regler sat opp av ei forsamling med prestar og prestinner.

Eldre mytar hevdar at orakelet først vart styrt av gudinnene Themis og Phoebe, og at staden var heilagt for jordgudinna Gaia. Sidan gjekk helligdommen over til eit av Gaias barn, Poseidon, som var gud for hav og jordskjelv. I løpet av dei såkalte «mørke» århundra mellom 1000- og 800-talet f.Kr., tok Apollon over som den nye spådomsguden, og jaga vekk Gaias voktere, tvillingslangane. Poseidon lét seg formilda av ein ny helligdom, oppretta for han i Troizen.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]