Qiam-1

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Qiam-1 ('Oppreist-1') er eit iransk ballistisk kortdistansemissil som nyttar flytande drivstoff. Missilet er 11,5 meter langt og kan bera ei nyttelast på 750 kilogram opptil 700-800 kilometer.[1]

Missilet vart nytta då Iran i 2020 gjekk til åtak på Al Asad flystasjon i Irak og dei amerikanske styrkane der som hemn etter drapet på Qasem Soleimani.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Qiam-1». Missile Threat, Center for Strategic and International Studies. Henta 1. januar 2021. 
  2. «Iran missile attack: Did Tehran intentionally avoid US casualties?» - BBC
Spire Denne våpenartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.