Qiyan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Qiyan var ein type kvinneleg slave som verka som kurtisane og artist i den arabiske verda i mellomalderen. Fleire kjende kvinnelege poetar, songarar og musikarar i den muslimske verda høyrde til denne kategorien. Kjende døme er ‘Innān, Arib al-Ma'muniyya og Shāriyah.

Ordninga oppstod moglegvis under Abbasidekalifatet på 700-talet, då desse slavane var svært vanlege og populære, og fanst i muslimske Al-Andalus til minst på 1300-talet. Dei skilde seg ut frå dei næskylde jarya, som fekk liknande utdanning men aldri opptredde offentleg.

Det var ikkje akseptert for ei muslimsk kvinne å opptre offentleg, og ein qiyan var derfor ein slave (som innebar at ho ikkje var muslim). Dei fekk framifrå opplæring av slavehandlaren sin, og blei trente til å syngja, spela musikk og lesa poesi og underhalda med ulike kunstartar. Dei var også seksuelt tilgjengelege for eigarane sine. Det blir ofte hevda at dei ikkje blei brukte for prostitusjon, men visse offentlege qiyan-hus verker å ha verka parallelt som bordell.[1]

Skikken med å læra opp slavejenter til å bli qiyanar verker å ha døydd ut i slutten av mellomalderen, men dei egyptiske songarane kjende som almah er av og til blitt nemnde som ein seinare etterfølgjar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Dwight F. Reynolds, 'The Qiyan of al-Andalus', in Concubines and Courtesans: Women and Slavery in Islamic History, ed. by Matthew S. Gordon and Kathryn A. Hain (Oxford: Oxford University Press, 2017)

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]