Qumrangrottene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Qumrangrottene
grotte
Qumran.jpeg
Grotte 4Q med andre grotter i bakgrunnen
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Palestine location map wide.png
Wikimedia Commons: Caves of Qumran were dug by Daniel Avidan

Qumrangrottene er ei rekkje grotter, somme naturlege, andre kunstige, som er funne kring den arkeologiske staden Qumran i Palestina. Det var i fleire av desse grottene at Daudehavsrullane vart oppdaga.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kalksteinsklippene oppom Qumran inneheld mange grotter som er blitt brukt i tusenvis av år. Dei første spora er frå kalkolittisk tid og framover til arabisk tid.[1] Dei kunstige grottene er knytte til ei tid då Qumran var busett og vart skorne ut til mergel-steinar som vart nytta til å byggje Qumran.

Daudehavsrullane[endre | endre wikiteksten]

Rullane slike dei vart funne.

Tidleg i 1947 fann ein beduingut frå Ta'amireh-stamma ei grotte då han leita etter eit sakna dyr. Han fann tilfeldig den førstr grotta som inneheld rullar som var meir to tusen år gamle. Fleire frå Ta'amireh-stamma vitja grotta og rullane vart tekne med attende til leiren. Dei vart viste til Mar Samuel i St. Markus-klosteret i april 1947 og oppdaginga av Daudehavsrullane vart gjort kjend. Staden der grotta låg vart ikkje avslør før 18 månader seinare, men grottene vart etter kvart undersøkt, leia av Roland de Vaux og Gerald Lankester Harding.

Ta'amireh-stamma håpte at dei kunne tene pengar på å finne fleire rullar og starta eit breitt søk. DEi fann då fire grotter i Wadi Murabba'at kring 15 kilometer sør for Qumran i 1951.[2] I Qumran-området vart det oppdaga ei anna grotte, no kalla Grotte 2Q (1Q var den første grotta med rullar), i februar 1952. Men her vart det berre funne få fragment.[3] Frykta for at beduinane skulle øydelegge arkeologiske bevis i grotte, førte til ein ekspedisjon av franske og amerikanske vitskapsmenn, som undersøkte grottene for å finne alle rullane. Dei undersøkte 230 naturlege grotte, holrom og andre mogelege gøymestader langs ein 8 km lang klippevegg nær Qumran, men berre 40 av dei inneheldt lekamar, og berre ei, 3Q, hadde rullar med tekst, mellom anna Koparrullen.[4][5]

Keramikk i Qumran

4Q vart oppdaga i september 1952 av Ta'amireh. De Vaux, som fekk tilbod om store mengder fragment, kontakta Harding, og dei køyrde til QUmran og oppdaga at beduinane hadde funne grotter særs nær Qumran-ruinane. Desse var grottene 4Q, 5Q og 6Q, der 4Q var den viktigaste med tre fjerdedelar av alle rullane som vart funnen i Qumran-området.[6] Dei første to av desse grottene hadde blitt skorne ut til mergel-terrassar. Den tredne var ved ingangen til Qumran-kløfta, like nedanfor akvedukten.[7]

I 1955 fann ein tre kunstige grotter til, 7Q, 8Q og 9Q,[8][9] som alle anten hadde kollapsa eller erodert bort.

Den siste grotta som vart funnen, igjen av Ta'amireh-stamma, var 11Q. Her fann ein mellom anna Tempelrullen, men teksten var forsvunnen og det var ein lang og komplisert prosess å restaurere det som hadde stått der.

Jesaja-rullen oppdaga i Qumran.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Qumran Caves» frå Wikipedia på engelsk, den 17. september 2015.
  • Allegro, John M., The Dead Sea Scrolls (Harmondsworth: Pelican, 1956).
  • Broshi, Magen, and Eshel, Hanan, «Residential Caves at Qumran.» Daudehavet Discoveries 6 (1999), 328-348.
  • de Vaux, Roland, Archeology and the Dead Sea Scrolls (Oxford: Oxford University Press, 1973). English translation from the French.
  • Stökl Ben Ezra, Daniel, «Old Caves and Young Caves: A Statistical Reevaluation of a Qumran Consensus" Daudehavet Discoveries 14,3 (2007), 313-333.
  • Humbert, Jean-Baptiste & Chambon, Alain, The Excavations of Khirbet Qumran and Ain Feshkha, Vol. 1B. trans by Stephen J. Pfann, Editions Universitaires Fribourg Suisse (Vandenhoeck & Ruprecht Goettingen, 2003).
  • Patrich, Joseph, «Khirbet Qumran in the Light of New Archaeological Explorations in the Qumran Caves», in Methods of Investigation of the Dead Sea Scrolls and the Khirbet Qumran Site: Present Realities and Future Prospects (ed. Michael O. Wise, Norman Golb, John J. Collins, and Dennis G. Pardee; Annals of the New York Academy of Sciences 722 (New York: New York Academy of Sciences, 1994) 73-95.
  • Patrich, Joseph, «Did Extra-Mural Dwelling Quarters Exist at Qumran?" in The Dead Sea Scrolls: Fifty Years After Their Discovery. Edited by Lawrence H. Schiffman, Emanuel Tov, James C. VanderKam, and Galen Marquis (Jerusalem: Israel Exploration Society, 2000) 720-727.
  • Trever, John C., The Untold Story of Qumran, (Westwood: Fleming H. Revell Company, 1965).
  • VanderKam, James & Flint, Peter, The Meaning of the Dead Sea Scrolls (HarperSanFrancisco, 2002) ISBN 0-06-068464-X
  1. de Vaux 1973, s.51.
  2. Allegro 1956, s.35.
  3. VanderKam 2002, s.15.
  4. Allegro 1956, s.36.
  5. Patrich 1994, s.74.
  6. Allegro 1956, s.37.
  7. Humbert 2003, s.67.
  8. VanderKam 2002, s.18.
  9. Broshi 1999, s.333.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]