Røldalstunnelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Røldalstunnelen
Bilete frå dei gamle Røldalssvingene som er vegen som passerer over Røldalstunnelen. Innløpet til Seljestadtunnelen visast der den korte veistubben mellom tunnelane passerer over Gorsvatnet.
Foto: Svein Harkestad

Røldalstunnelen er ein vegtunnelEuropaveg 134 og Riksveg 13 i Ullensvang kommune i Vestland. Tunnelen går gjennom Røldalsfjellet mellom Hordadalen og Seljestadjuvet. Han er 4 657 meter lang og det høgaste punktet i tunnelen er 876 moh.[1] Røldalstunnelen vart opna i 1964, og var den lengste vegtunnelen i Noreg til Haukelitunnelen opna i 1968.

Som mange andre tunnelar i Noreg er Røldalstunnelen noko plaga med kondens. Kondensen kan føra til farlege situasjonar fordi bilrutene plutseleg doggar til når ein køyrer inn i tunnelen.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Røldalstunnelen». 14. februar 2009. 
  2. «Kartlegging av faktorer som kan ha betydning for kondensdannelse i tunneler» (PDF) (norsk). 14. januar 2005. Arkivert frå originalen (pdf) 2007-09-29.