Røros Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Røros Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande på Røros i Trøndelag. Idrettslaget var skipa 2. juli 1945, då Røros Skilag, Røros Turnforening, Idrettslaget Bergmann og Røros Arbeideridrettslag, slo seg saman i eitt lag. Dei fire nemnde laga var stifta i høvesvis 1897, 1911, 1928 og 1933.

Røros IL er aktivt både i fotball, handball, orientering, ski, skiskyting, sykkel, turn og volleyball. I lagidrettane spelar Røros i heilt svarte drakter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]