RS «Havskaaren II»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
RS 11 «Havskaaren II»
Leverandør:  Carl Arnold
Verft:  Christiania Baatbyggeri
Konstruktør:  Colin Archer
Byggjeår:  1897
Byggjepris:  10 682,60 kroner
Finansiering:  innsamling ved Bodø Kreds av NSSR
Eigenskapar
Lengde:  14,05 meter
Navigasjon og kommunikasjon
Statistikk
Sett inn i teneste:  1897
Ut av teneste:  1938
Menneskeliv berga:  103
Fartøy assistert:  1627

RS 11 «Havskaaren II» var den siste redningsskøyta av Colin Archer-typen som vart bygd for Redningsselskapet. Ho vart bygd av Carl Arnold ved Christiania Baatbyggeri, og kom i drift 1897. Ho kosta kroner 10682,60, og vart finansiert av midlar innsamla av Bodø Kreds av NSSR. "Havskaare" er eit lokalnamn på måsefuglen svartbak. Ved Fulehuk fyrstasjon i Oslofjorden er det og eit skjer som heiter Havskaaren. Første åra var skøyta stasjonert i Ytre Oslofjorden. Seinare vart ho flytta nordover, og i 1901 fekk ho endra namn til «Tromsø».

I 1909 vart «Tromsø» skadd då ho vart påsegla av eit anna fartøy. Ho vart ute av drift i 4 veker for reparasjon. I aktiv teneste redda ho 103 menneske frå ein sikker daud. Ho assisterte 1627 fartøy.

I 1938 vart «Tromsø» seld til Heinrich Meyer i Oslo. Etter krigen skal ho ha vorte brukt av nazistar til flukt til Sør-Amerika, men dette er ikkje sikkert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene (Norsk Maritimt Forlag 2002)