Ragdoll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Treårig ragdollkatt.

Ragdoll er ein katterase med lang og silkeaktig pels og blå ovale auge. Pelsen skal ha kvit grunntone, men kan farga ut i fleire fargetonar. Rasen utviklar seg sakte og det kan ta fleire år før ein katt når full storleik. Normal vekt blir rekna som 4–7,5 kg, men storvaksne hoer kan bli opp mot 6,5 kg og hannar opp mot 9,5 kg.[1] Difor blir rasen rekna som den nest største katterasen i verda, etter maine coon. Ragdoll-kattar skal oppføra seg som «filledokker» når dei blir løfta; altså motstandslause. Dette har gjeve dei rasenamnet, som tyder 'filledokke' på engelsk.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Katterasen stammar frå California i USA, der han blei utvikla av Ann Baker.[1] Ho var oppdretter av persarkattar då ho starta avlsarbeidet med ragdoll i 1963. Stammora var ein kvit huskatt som heitte Josephine. Denne blir skildra som ein katt av angoratypen, fordi han likna. Josephine tilhøyrde naboen til Ann Baker, fru Pennels. Ho var ein frittgåande katt og hadde mange kull. Baker ynskte eitt kol som ho kunne bruka i alsarbeidet sitt, og para katten med ein svart persarhann ho hadde. Resultatet blei ein katt ho kalla Blackie. Josephine fekk fleire kull. I eit av dei var blant anna ein hann som fekk namnet Daddy Warbucks. Denne minna litt om om ein heilag birma, med kvit bliss. Faren til Daddy Warbucks er ukjend. Baker ynskte å nytta begge gutane i sin vidare avl, og både Blackie og Daddy Warbucks blei para tilbake med mora.

Frå kullet etter Blackie heldt Baker på ein mørk «burmesartype» hokatt, som ho kalla Buckwheat.

Daddy Warbucks blei så para med mora Josephine og systera Buckwheat. Resultatet var dei første kattane registrert som ragdoll. I kullet med mora kom Fugianna, ein brun bicolor hokatt, og med Buckwheat kom ein hokatt og ein hannkatt, Tiki og Kyoto (colorpoint og mitted). Desse tre kattane danna grunnlaget for det Ann Baker kalla light side og dark side av rasen. Dei tre første ragdoll-kattane var dermed ein av kvar av dagens variantar.

Ragdoll blei først anerkjend som rase av forbundet NCFA (som ikkje eksisterer lenger) i 1965.

Ann Baker para balinesarhannar med fleire av hokattane sine for å få fram lilla kattar. Mange av desse kryssingane er ikkje stambokført korrekt, og ein kan finna paringar med umoglege fargeresultat frå tidlege generasjonar. Ho heldt på hokattar etter desse paringane med balinesarar, og brukte så ragdollhannar på desse igjen. Så ein kan seia at lilla kom inn i rasen den vegen etter at ho skapte berarar.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Sitjande ragdoll med tydeleg løvemanke

Rasen har kort pels i andletet som blir lengre på ryggen og nedover, og er avslutta med ein stor buska hale. Hovudet er breitt og snutepartiet relativt kort. Brystet og framhalsen hjå vaksne kattar har tydeleg «løvemanke». Auga er blå. Lemmene er lange og muskuløse, bredbrusket og sterke. Dei blir kalla «pointed», fordi øyra, andletet, ekstremitetane og halen har mørkare utfarging enn resten av kroppen.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Rasen har normalt eit roleg lynne og blir rekna som menneskekjær og sjeldan aggressiv. Han er ofte selskapssjuk og ligg ofte ved eigaren og slappar av.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Ragdoll. zooplus Magasin, 21 mars 2019. Besøkt 2019-08-18

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]