Raleigh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Raleigh er hovudstaden i delstaten Nord-Carolina i USA og ligg i Wake county. Byen er kalla opp etter Walter Raleigh. Byen hadde 403 892 innbyggarar i 2010 og er den nest største byen i Nord-Carolina etter Charlotte.

I byen ligg North Carolina State University som har blitt meir og meir viktig og er ein del av det såkalla Research triangle. Denne delen av USA veks kraftig og Raleigh er ein av byane som har størst vekst i folketalet i USA.