Ralph Rinzler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ralph Rinzler
Fødd20. juli 1934
Død2. juli 1994 (59 år)
OpphavUSA
Instrumentmandolin
Verka sommusikar

Ralph Rinzler (20. juli 19342. juli 1994) var ein USA-amerikansk mandolinist, visesongar og delaktig i skipinga av den årlege Smithsonian Folklife Festival på The Mall kvar sommar i Washington, D.C., der han arbeidde som kurator for amerikansk kunst, musikk og folkekultur ved Smithsonian Institution.[1] Denne festivalen har frå byrjinga av vore ei stor hending for amerikanske folkemusikarar..[2]

Rinzler spelte mandolin i fleire folkemusikkgrupper i midten og slutten av 1950-åra og vart etter kvart med i det kjende Greenbriar Boys, som spelte inn fleire suksessrike plater.[3] Han spelte òg på mange andre sine album, inkludert Joan Baez, Clarence Ashley og han vann ein grammypris for arbeidet sitt som produsent.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ralph C. Rinzler, 59, Smithsonian Official And Folk-Life Expert», The New York Times, 8. juli 1994
  2. «Ralph Rinzler Collection». www.folklife.si.edu. Henta 13. oktober 2018. 
  3. «Fellow Folks: The Greenbriar Boys». www.bobdylanroots.com. Henta 13. oktober 2018. 
  4. «Awards - Folk Alliance International». www.folk.org. Arkivert frå originalen 11. oktober 2008. Henta 13. oktober 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]