Rammeforteljing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rammeforteljing er ein del av eit større litterært verk som omsluttar ei eller fleire andre forteljingar. Teknikken er særleg brukt i samband med noveller og ein del i romanar.[1]

Tradisjonen med å bruka rammeforteljing kan førast tilbake til Midtausten, der særleg dei mange innrammande forteljingane i Tusen og én natt er kjende. In finn også teknikken i europeiske mellomalderverk som Dekameronen og Canterbury-forteljingane.[1] Nokre av Asbjørnsen og Moe sine eventyr er plasserte inni ei rammeforteljing.[2]

Ein kan bruka ei rammeforteljing til å presentera ein forteljar[3] og til å innføra fleire tydingsnivå i eit verk. Teknikken har vore utforska på 1900-talet, til dømes i postmodernistisk og i metafiksjonal litteratur.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «rammefortelling» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. «Folkeeventyra - ei suksesshistorie», Nasjonalbiblioteket, henta 11. april 2020 
  3. Tone Elisabeth Grundvig (9. januar 2019). «Komposisjon». ndla.no.