Ramus superficialis arteriae transversae colli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Transverse cervical artery er det engelske ordet på a. transversae colli.

Ramus superficialis arteriae transversae colli er arterien som er den overflatiske greina til a. transversae colli, den tverrgåande halsarterien.

Han stig opp bak den fremre kanten av m. trapezius og forsyner han, nabomuskulaturen og lymfekjertlar halsen med blod. Han anastomoserer med ei overflatisk grein til den nedgåande greina til a. occipitalis.

R. superficialis a. transversae colli har to greiner, ei som går oppover og ei som går nedover. Den nedgåande greina anastomoserer med a. dorsalis scapulae som er knytt saman med a. subscapularis. Dette er ein ringanastomose kring skulderbladet der han held fram som a. suprascapularis via a. circumflexa scapulae.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Moore And Agur. Essential Clinical Anatomy, America: Lippincott Williams Publisher, 2002, 2. utgåva