Randal Keynes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Randal Keynes
Randal keynes.JPG
Fødd 29. juli 1948
Yrke kunstmålar, skribent
Far Richard Keynes
Born Skandar Keynes, Soumaya Keynes

Randal Hume Keynes (fødd 29. juli 1948) er ein engelsk miljøvernar og forfattar. Han er barnebarn av biologen Charles Darwin. Han har skrive boka Annie's Box, som har undertittelen Darwin, His Daughter and Human Evolution. Boka er ei skildring av tilhøvet mellom Darwin og dottera, eit tilhøve som endra Darwin sitt syn på religion.

Keynes er aktiv i arbeidet for å få Down House, heimen hans Darwin, inn på UNESCO si verdsarvliste.

Randal er son av Ann Pinsent Adrian og psykologen Richard Keynes. Son hans, Skandar er skodespelar, mest kjend frå filmserien Legenden om Narnia. Han har òg ei dotter, Soumaya, Han er i slekt med John Maynard Keynes, og er bror til Simon Keynes.