Rapakivi
Hopp til navigering
Hopp til søk
Rapakivi er granitt med store, ovale krystall av alkalifeltspat omgjeve av ein randsone av oligoklas. Han vart først skildra frå Finland, der betydelege område i den austlege delen av landet består av rapakivigranitt. Bergarta forvitrar lett på grunn av den porfyriske strukturen, derav namnet.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Rapakivi. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/rapakivi.