Raude hundar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Symptom på barnesjukdomen Raude hunder

Raude hundar (Rubella) er ein barnesjukdom med utslett som vert forårsaka av rubellaviruset. Den er vanlegvis ein uskuldig barnesjukdom med feber og eit småflekka utslett. Raude hundar er òg ein reisesjukdom. Dette tyder auka risiko for å få barnesjukdomen ved reising. MMR-vaksinen som gjev vern mot raude hundar gjevast som ein del av barnevaksinasjonsprogrammet.

Tilstanden[endre | endre wikiteksten]

Det medisinske namnet på raude hundar er rubella etter det latinske opphavsordet ruber som tyder raud. Raude hundar er som regel ufarlig hos barn, men det vert vaksinert mot sjukdomen i barnevaksinasjonsprogrammet fordi det gjev alvorlege misdannelser hos foster når gravide vert smitta.

Foster yngre enn 20 veker kan skadast viss gravide vert smitta (spontanabort eller medfødte misdannelser). Dette er årsaka til av vaksine vert rådt til. Dei fleste barn vert vaksinert. Men vaksine skal ikkje verta til gjeve gravide. Men enkelte utbrot i enkelte delar av folkesetnaden finst. Det vil alltid vera nokon som av einkvan grunn ikkje er vaksinert. Barnet er mest smittsamt 4 dagar før og opp til 7 dagar etter utslettet bryt ut. I land utan vaksinering vil sjukdomen opptre i epidemiar med nokre års mellomrom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]