Laivorganisasjonen Ravn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ravn (laivorganisasjonen))
Hopp til navigering Hopp til søk

Ravn (skipa 1990) er ein organisasjon som driv med laiv eller levande rollespel. Ravn vart skipa kring 1990, og er med dette truleg den eldste laivorganisasjonen i Noreg. Ravn har hovudsete i Oslo, men har medlemmer over heile landet. Dei fyrste åra brukte Ravn å halde to store laivar eller spel i året; ein sommarlaiv der spelet gjekk føre seg i Ravn si eiga verd Ravnariket og ein meir historisk basert vinterlaiv. Dei seinare åra har Ravn endra fokus til å bli meir ei gruppe som legg til rette for laivhobbyen.

Ravn har organisasjonsnummer 979 434 774 i Brønnøysundregistra. Leiar er Kristian Spilhaug (2011).

Ravnariket[endre | endre wikiteksten]

Ravnariket er ei fiktiv verd der handlinga i mange av laivane til Ravn har gått føre seg. Mykje av bakgrunnsstoffet ligg på nettet i wikien Encyclopedia Corvia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Nettsida til Ravn, Redet

Encyclopedia Corvia