Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om hovudstaden i Noreg. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Oslo (fleirtyding).
Koordinatar: 59°57′N 10°45′E
Oslo
By
none
flagg
Byvåpen
Kallenamn: Tigerstaden
(Den farlege og ubarmhjertige storbyen)
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Oslo
Kommune Oslo
Høgd 23 moh
Koordinatar 59°57′N 10°45′E
Areal 130,48 km²
 - storbyområde 289,84 km²
Folketal 658 390 (2016)
 - storby 958 378[1]
Folketettleik 3 307 / km²
Ordførar Marianne Borgen (SV)
 - Byrådsleiar Raymond Johansen (Ap)
Tidssone   (UTC+1)
 - Sommartid   (UTC+2)
Wikimedia Commons: Oslo
Nettstad: www.oslo.kommune.no
Oslo rådhus sett frå sørvest.
Foto: Alexander Ottesen
Karl Johans gate i Oslo sett frå slottsplassen.
Sentrale delar av Oslo sett frå Ekeberg.
Foto: J. P. Fagerback
Akershus slott og festning på austsida av Pipervika sentralt i Oslo
Foto: Hans-Petter Fjeld
Ullevaal Stadion på Sogn i Oslo er nasjonalarena for norsk fotball.
Foto: Wilhelm Joys Andersen
Trikken er viktig i Oslo.
Tårnhuset i parken på St. Hanshaugen.
Den romersk-katolske St. Olav domkyrkje.
Muslimsk moské i Oslo.

Oslo uttale  er hovudstaden og den største byen i Noreg. Byen er kommunesenter i Oslo kommune, som både er ein kommune og eit fylke. I januar 2016 budde det 658 390 personar i Oslo kommune, og 958 378 i tettstaden Oslo[1], som også strekker seg inn i kommunane Oppegård, Bærum, Asker, Sørum, Rælingen, Lørenskog, Skedsmo, Nittedal, Lier og Røyken.

Mellom 1624 og 1925 var namnet på Oslo Christiania. Frå 1877/1897 var namnet òg skrive Kristiania. Byen blir ved ymse høve kalla «Tigerstaden», som refererer til Oslo som den farlege og ubarmhjertige storbyen. Namnet kan førast tilbake til diktet Sidste Sang av Bjørnstjerne Bjørnson.[2]

Oslo er sete for Kongen, regjeringa og sentraladministrasjonen, Stortinget, Høgsterett og den øvste militære leiinga. Alle dei utanlandske ambassadane i Noreg ligg i Oslo. Her er også mange av dei andre sentrale statsinstitusjonane i Noreg.[3]

Mellom om lag 1040 og 1624 låg byen Oslo ved utlaupet av Alnaelva. Etter bybrannen i 1624 valde Kristian IV å gjenreise byen attom Akershus festning. Den byen vart heitande Christiania. Frå om lag 1870 vart det vanleg å skriva Kristiania. Etter som byen voks utover 1800-talet, inkluderte han òg det området som opphavleg og framleis heitte Oslo, men som vart til Gamlebyen då Stortinget i 1924 vedtok å endra namnet på heile byen til Oslo. 1. januar 1948 vart Oslo slegen saman med Aker herad, som omkransa byen.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Næringslivet i Oslo brer seg utanfor grensene til Oslo kommune. I økonomisk tyding ser ein gjerne på heile byregionen som ein arbeidsmarknad med eit integrert næringsliv.

Tenesteyting er den desidert viktigaste næringa i Oslo, målt etter talet på sysselsette. Oppbygginga av statsadministrasjonen etter 1814 og byggeverksemda som følgde var sentrale drivkrefter for den sterke veksten til Oslo på 1800-talet. Etter 1950 har den statlege forvaltinga auka sterkt i Oslo, sjølv om mindre delar av statsforvaltninga er flytt ut av byen eller etablert andre stader. I motsetnad til industri og varehandel ligg ein vesentleg del av tenesteytinga i dei sentrale strøka av byen, for ein stor del i bysenteret.

Oslo er ein viktig turistby, både som inngangsport frå utlandet og som turistmål i seg sjølv. Hotella i Oslo har vesentleg høgare utnytting av kapasiteten enn hotella elles i Noreg, særleg som følgje av ein stor del kurs, konferansar og forretningsreisande, som sørgjer ein relativt jamn trafikk over heile året.[4]

Bydelar[endre | endre wikiteksten]

Oslo vart i 2004 delt inn i 15 bydelar med kvar si forvalting og med bydelsutval oppnemnd av bystyret. Sentrum og Oslomarka står utanfor bydelsordninga, sidan desse er rekna som «fellesområde» for innbyggjarane i kommunen. Innbyggjarane her får sine tenestetilbod dekt av den nærmaste bydelen. Bydelane i Oslo er:

Alna, Bjerke, Frogner, Gamle Oslo, Grorud, Grünerløkka, Nordre Aker, Nordstrand, Sagene, St. Hanshaugen, Stovner, Søndre Nordstrand, Ullern, Vestre Aker, Østensjø

Folkesetnad og økonomi[endre | endre wikiteksten]

  • Oslo vart utpeikt til den dyraste byen i verda i 2013.[5]
  • I tillegg til dei 15 bydelane hadde Oslo sentrum 495 innbyggjarar 1. januar 2004 og eit areal på 1.8 km².
  • Oslomarka hadde 1596 innbyggjarar 1. januar 2004 og ei flatevidd på 301.1 km².

Historiske innbyggjartal[endre | endre wikiteksten]

1801 9 500
1825 15 400
1855 31 700
1875 76 900
1900 227 700
1925 255 700
2003 517 401

Namn og utbreiing[endre | endre wikiteksten]

År Namn Utstrekning
<1624 Oslo Mellom Alna og Hovinbekken
1624-1794 Christiania Frå Akershus Slott til dagens Stortorg
1794-1859 Christiania Frå Pipervika til Akerselva til Kroghstøtten til Regjeringsbygget
1859-1877 Christiania Frå munninga av Frognerkilen til Vestre Aker Kirke til Sandaker til nedsida av Botanisk hage til Galgeberg til Alna
1877-1878 Kristiania (i Statsmatrikkelen), Cristiania (i kommunen) Som over
1878-1897 Kristiania (i Statsmatrikkelen), Cristiania (i kommunen) Utvida med Bjølsen, Torshov, Kampen, Vålerenga og Gamlebyen
1897-1924 Kristiania Som over
1924-1946 Oslo Som over
1946-1948 Oslo Etterstad blir med
1948-1980 Oslo Resten av Aker blir med
1980 Oslo Tangerud blir innlemma

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

I Oslo ligg Universitetet i Oslo, som er Noregs eldste og største universitet, grunnlagt i 1811. Av andre høgare utdanningsinstitusjonar kan nemnast Norges veterinærhøgskole, Menighetsfakultetet, Kunsthøgskolen i Oslo, Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, Norges musikkhøgskole, Norges idrettshøgskole, og Høgskolen i Oslo med ei rekke utdanningstilbod, mellom anna lærar-, førskolelærar-, journalist- og fysioterapiutdanning. Oslo har også ei rekke andre private og offentlege utdanningsinstitusjonar, mellom anna Handelshøyskolen BI.

I Oslo finst det 111 barneskolar, 50 ungdomsskolar, 27 vidaregående skolar, 6 skolar med voksenopplæring og 14 spesialskolar (per 2016). 37 skolar har spesialgrupper. I tillegg kjem ei rekke private skolar av ulike slag.[6] Det finst ein folkehøgskole i Oslo, Rønningen folkehøgskole, som er eigd av Norges KFUK-KFUM.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Oslo har tre faste teater: Det Norske Teatret, Nationaltheatret og Oslo Nye Teater. Den Norske Opera & Ballett holder til i Operahuset i Bjørvika. Revyteatera Chat Noir og Edderkoppen blir brukte til revyoppsettingar, medan Chateau Neuf er blitt brukt til musikkspel. På Rodeløkka finst ei fast scene for frie grupper, Black Box. Den Gamle Logen er restaurert og blir mellom anna brukt som konsertlokale. Oslo-Filharmonien gir sine konsertar i Oslo Konserthus. Større konsertar og sportsarrangement blir lagt til i Oslo Spektrum. Oslo Kino (tidlegare Oslo Kinematografer) har 7 kinoar med til saman 26 salar. I tillegg finst kinoen Soria Moria med 2 salar som blir drivne av Norsk Kinodrift (per. 2008).

Verdt å sjå i Oslo[endre | endre wikiteksten]

Oslo har ei rekke monument av bygnings- og kulturhistorisk art. Av monumentalbygningar i sentrum av byen og indre by kan nemnast Frogner hovedgård (1790-åra), Oslo Børs (1820-åra), Slottet (1820–1840-åra), Stortinget (oppført 1861–66), lystslottet Oscarshall (1847–52), Bygdøy kongsgård (1732) og Bogstad gård (omkring 1800) i ytre by vest. Til dei viktigaste kunstsamlingane høyrer Vigelandsanlegget på Frogner, Munchmuseet på Tøyen og Nasjonalgalleriet. Mange av kyrkjene i Oslo har også særmerkte kunstneriske utsmykkingar. Museet for Samtidskunst held til i Norges Banks tidlegare lokale (oppført 1906). Gamle Aker kyrkje, truleg frå første halvdel av 1100-talet, er mellom dei eldste kyrkjene i Oslo og er den eldste beståande bygninga i byen. Akershus festning, frå inngangen til 1300-talet, er eit viktig historisk minnesmerke, og rommar dessutan Noregs heimefrontmuseum og Forsvarsmuseet. I Holmenkollåsen ligg Holmenkollbakken og Skimuseet, på Ekeberg finst helleristingar og offergroper. På Bygdøy ligg i alt fem museum: Norsk Folkemuseum, Vikingskipshuset, Kon Tiki-museet, Polarskipet Fram og Norsk Sjøfartsmuseum. Oslo bymuseum (Hovedstadsmuseet) ligg på Frogner hovedgård. Byen også ei rekke kunst- og kulturhistoriske spesialmuseum og muesum for naturvitenskap og teknikk, mellom anna Norsk Teknisk Museum på Kjelsås.[6]

Kjende personar frå Oslo[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2015.
  2. tigerstden. Store norske leksikon (23.01.2013). Vitja 11. september 2016.
  3. Oslo – administrasjon. Store norske leksikon (26.09.2011). Vitja 11. september 2016.
  4. Oslo – næringsliv. Store norske leksikon (17.06.2009). Vitja 11. september 2016.
  5. Jonas Sæthre: «No er Oslo den dyraste byen på planeten», nrk.no 21. juni 2013
  6. 6,0 6,1 Oslo – offentlige institusjoner og kultur. Store norske leksikon (26.08.2016). Vitja 11. september 2016.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Oslo
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.