Ray Warleigh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ray Warleigh
Statsborgarskap Australia
Fødd 28. september 1938
Sydney
Død

21. september 2015 (76 år)

Yrke jazzmusikar, saksofonist

Raymond «Ray» Kenneth Warleigh (28. september 193821. september 2015) var ein australsk altsaksofoist og fløytespelar.

Ray Warleigh var fødd i Sydney i Australia, men flytta til England i 1960, der han raskt vart ein etterspurt studiomusikar.[1][2]

He spelte inn musikk med mange kjende artistar innan jazz og blues i Storbritannia, som Alexis Korner, Tubby Hayes, Humphrey Lyttelton, Terry Smith, Ronnie Scott, Long John Baldry, John Mayall, Allan Holdsworth, Soft Machine, Georgie Fame, Mike Westbrook, Dick Morrissey og Kenny Wheeler, i tillegg til Mike Oldfield, Nick Drake og Charlie Watts.[3]

Det første albumet til Warleigh frå 1968 var produsert av Scott Walker.[4]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Kenny Wheeler

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kelsey, Ken. Biography at allmusic Henta 12. juni 2018
  2. Williams, Richard (24. september 2015). «Ray Warleigh obituary». The Guardian. Henta 12. juni 2018. 
  3. John Fordham, «Ray Warleigh: Rue Victor Masse» (review), The Guardian, 17. april 2009.
  4. 4,0 4,1 John Eyles, All About Jazz, 17. januar 2009.