Rebecca Black
| Rebecca Black | |||
| | |||
| Fødd | 21. juni 1997 (29 år) | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Irvine | ||
| Fødenamn | Rebecca Renee Black | ||
| Opphav | USA, Canada | ||
| Aktiv | 2010– | ||
| Sjanger | pop | ||
| Plateselskap | Warner Music Group, Universal Music Group, Columbia Records | ||
| Verka som | songar, skodespelar, plateartist, dansar, modell, songtekstforfattar, låtskrivar, songar-låtskrivar, youtubar, filmregissør | ||
Rebecca Renee Black (fødd 21. juni 1997) er ein amerikansk songar som fekk mykje medieomtale i 2011 for singelen «Friday», som kom ut då ho var tretten.
«Friday» var skriven saman med og produsert av Clarence Jey og Patrice Wilson frå Ark Music Factory. Han blei ein viral video på YouTube og ulike nettsamfunn, og blei omtalt av fleire kritikarar som «den verste songen nokonsinne».[1][2][3] I tida frå han blei lasta opp 10. februar 2011 og til han kortvarig blei teken ned av YouTube 16. juni var videoen blitt sett 167 millionar gonger. Black lasta han opp til sin eigen kanal tre månader seinare. Songen nådde 58. plassen på Billboard Hot 100. I 2013 gav Black ut ein oppfølgjarsingel «Saturday» (med Dave Days) til liknande kommersiell suksess og noko betre mottaking.[4]
Debutalbumet hennar, Let Her Burn, kom ut i februar 2023 etter to EP-ar. Det fekk generelt gode meldingar.[5] Det andre albumet hennar, Salvation, kom ut i 2025.
Black har snakka om kampen sin med depresjon som tenåring etter merksemda kring «Friday».[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Whitworth, Dan (2011-03-21). «'Worst song ever' gets 29m views after going viral». BBC. Henta 2011-04-02.
- ↑ Pierce, Tony (2011-03-18). «Rebecca Black, teen singer, admits she cried when her hit song was deemed 'Worst Song Ever'». Los Angeles Times. Henta 2011-04-02.
- ↑ AFP (2011-03-22). «'Worst song ever' tops 30 million views». ABC News Australia. Henta 2011-04-02.
- ↑ rebecca. «Rebecca». YouTube. Henta 2016-05-27.
- ↑ «Let Her Burn by Rebecca Black». Metacritic.
- ↑ «'I became unbelievably depressed': Rebecca Black speaks out about bullying, shame 9 years after 'Friday' went viral». KABC-TV. 2020-02-12. Henta 2025-03-24.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad

- «YouTube-mobbeoffer selger snart mer enn Britney»
- «13-åring snart mest hatet på YouTube»
- «Plutselig var fenomenet borte fra YouTube» Arkivert 2011-04-06 ved Wayback Machine.
- Rebecca Black fanside Arkivert 2011-06-06 ved Wayback Machine.
Denne musikkartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |