Reddit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Reddit
Reddit logo.svg
Type Sosiale nyhende, nyhendeaggregator
Språk Engelsk
Registrering Valfritt
Eigar Advance Publications
Oppretta 23. juni 2005

Reddit (stilisert som reddit) er ei sosial nyhendeside på internett. Brukarar kan i tillegg til å lese innhaldet på sida også poste eigne lenkjer til innhald på nettet eller leggje ut «self»-innlegg som innheld brukarlaga tekst. Andre brukarar kan deretter røyste «opp» eller «ned» dei publiserte innlegga, og dei mest framgangsrike lenkjene når då framsida.

Brukarane kan òg kommentere på lenker som er lagde ut og svare på andre kommentarar, som skapar eit «samfunn» (community). Reddit-brukarane kan dertil lage eigne innretta seksjonar som er kalla «subreddits».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]