Reduksjonisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Reduksjonisme er idéen om å forklare eigenskapar til ting eller organismar utfrå eigenskapane til byggesteinane. Eit døme kan vere å forklare eigenskapane til ei celle ut frå eigenskapane til molekyla i cella. Denne måten å tenke på står sterkt innan fysikkfaget, hovudsakleg fordi den har verka så godt på døde ting. Innan til dømes informatikk- og kommunikasjonsrevolusjonen , har ein solid fysikkjennskap til halvleiarar og andre stoff vore naudsynt for resultatet. Denne fysikkjennskapen skyldast suksessen i å skildre faste stoff ut frå eigenskapane til byggesteinane til det faste stoffet, nemleg atoma. I dag prøver forskarar å vidareføre dette reduksjonistiske «arbeidsprogrammet» til også å omfatte biologiske system. Dette blir ei av dei store utfordringane for fysikken i tida framover.

Som ein motsetning til reduksjonisme set ein ofte opp holisme - at det heile er meir enn summen av delane. Dei fleste vil vere samde i at eit menneske «er meir» enn ei samling atom, eller at eit ferdig puslespel «er meir» enn kvar enkelt brikke. Men det avheng av kva som vert lagt i omgrepet «å vere meir enn».

Det er ikkje nødvendigvis ein motsetnad mellom reduksjonisme og holisme. I fysikken har ein lenge hatt omgrep som skildrar eit heile men som ikkje kan tilskrivast delane. Eit døme er omgrepet temperatur, som skildrar eigenskapar til t.d. ein gass. Kvart enkelt molekyl i gassen har ikkje ein bestemt temperatur. Men det er ein direkte samanheng mellom temperaturen i gassen og fordelinga til snøggleiken til alle molekyla i gassen. Her kan temperatur kallast eit holistisk omgrep. Men det er likevel klart at eigenskapen til gassen er eit resultat av dei fysiske eigenskapane til «byggesteinane», det vil seie molekyla.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fysikknett - Reduksjonisme

Spire Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.