Referanseområde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Denne artikkelen tek for seg «referanseområde» som omgrep for medisinske blodprøvar.


Med referanseområde for eit prøvesvar, meiner vi det svarintervallet som 95 % av den friske befolkninga kjem innanfor.

Dette vil seie at sjølv mellom friske personar vil 1 av 20 personar hamne utanfor referanseområdet, utan at dette vil seie at personen er sjuk. På same måte kan ein sjuk person hamne innanfor referanseområdet.

Det er vanskeleg å oppgje universelle referanseområde for ulike testar, fordi desse vil variere mellom ulike metodar ved ulike laboratorie. Dei fleste sjukehuslaboratorie i Noreg har sine eigne referanseområde som dei bruker. Likevel jobbar ein med å standardisere dei fleste metodane så referanseområda ved ulike laboratorie skal verte mest mogleg like.