Refleksjonsfaktor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Refleksjonsfaktor eller reflektans er den brøkdelen av ein bølgjeenergi som blir reflektert når bølgja fell inn mot ei grenseflate. Refleksjonsfaktoren for lys mot eit gjennomsiktig stoff er avgjort ved brytingsindeksen til stoffet, n, og er for lys som fell loddrett inn mot ei speglande flate, lik (n − 1)2/(n + 1)2. For glas med n ca 1,5 blir refleksjonsfaktoren ca 4 %, for vann 2 %, for krystallglas opptil 10 %. For ugjennomsiktige stoff varierer refleksjonsfaktoren frå bortimot 100 % (98 % for magnesiumoksid, 93 % for sølv) til 0,3 % (grafitt i olje).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]