Reidar Kristiansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Reidar Kristiansen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. mars 1927
Fredrikstad
Død

11. februar 1999

Idrett fotball
Yrke fotballspelar

Reidar Kristiansen (19. mars 192711. februar 1999) var ein norsk fotballspelar frå Fredrikstad som vann fire seriefinalar og to cupfinalar med Fredrikstad Fotballklubb i åra frå 1954 til 1961.

Kristiansen var FFK-spelar på slutten av 1940-talet, men fekk lite speletid. I 1950 melde han overgong til byrivalen Lisleby, der han var fram til 1954. Han melde seg då innatt i FFK og tok styringa på midtbana, var kaptein og fast straffeskytar. Gjennom åtte sesongar var han med å vinne fire seriemeisterskap og to norgesmeisterskap, både i 1957 og 1961 sikra laget «the double».

Kristiansen fekk sin landslagsdebut 8. mai 1955, på tiårsdagen for frigjeringa i 1945, i ein såkalla vennskapskamp mot Ungarn (0–5). Hans 15. og siste landskamp kom i ein OL-kvalifiseringskamp mot Island den 7. juli 1959, også den kampen enda med tap (0–1).

Han var ein allsidig spelar som kunne nyttast i fleire posisjonar, med det var på midtbana «han hadde sitt egentlige operasjonsområde. Han var ein effektiv bølgebryter samtidig som han benyttet enhver anledning til å sette fart i angrepsspillet».[1]

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Seriemeister: 1953/54, 1956/57, 1959/60 og 1960/61
  • Noregsmeister: 1957 og 1961

Notar og kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Magnus Breili:Fotballboken. 1967