Reidar Larsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Reidar Larsen opptrer på Notodden Blues Festival i 2008
Foto: Svein M Agnalt

Reidar Larsen (fødd 12. mars 1955) er ein norsk blues-pianist, vokalist og komponist busett i Stavanger.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Reidar Larsen flytte til Stavanger som femåring, og har vakse opp i byen. Han tok pianotimar frå sjuårsalderen, og starta band allereie på ungdomsskulen. Han var med på si fyrste plateutgjeving i 1974 med pop- og dansebandet Staccato, og han var med i rockegruppa Stavangerensemblet frå oppstarten i 1978 til 1980, og i musikkgruppa Smalhans frå 1980 - 1983. Sistnemnte gav ut to plater i tida Larsen spelte med dei.

Allereie i 1980 hadde Larsen starta Reidar Larsen Blues Kvartett, men han debuterte som soloartist med plateutgjevinga I'm a Bluesman i 1982. Oppfylgjaren Red, White and Blues kom i 1985, og You Don't Have to Be Black to Be Blue frå 1987 vart det fyrste soloalbumet hans som kom på VG-lista.

Seinare i karrieren har Larsen spelt inn album med backing-banda The Boogie Bastards (frå 1991) og The Storytellers (frå 1997). I 2006 spelte han inn duoalbum med den amerikanske gitaristen Roy Rogers. På den siste plata hans, Kom inn te oss frå 2009, har han gått over til å syngja på norsk, på Stavangerdialekt. [1] For denne plata vann han Spellemannprisen 2009 i kategorien blues. Larsen har også opptrådt på Notodden Blues Festival og vunne Notodden Bluesfestivals bluespris.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • I'm a Bluesman (Desperado, 1982)
  • Red, White and Blues (Desperado, 1985)
  • You Don't Have to Be Black to Be Blue (Desperado, 1987)
  • Last Train Home (Desperado, 1990)
  • Boogie Bastard (Sonet, 1992)
  • Robbery (Sonet, 1993)
  • Storyteller (Sonet, 1997)
  • This One's on Me (Blue Jersey, 2001)
  • Crossing (Blå finger / Bare Bra Musikk, 2006) saman med Roy Rogers
  • Kom inn te oss (Blå finger / Universal, 2009)

Samle- og konsertalbum[endre | endre wikiteksten]

  • Blues i boks (Slagerfabrikken, 1990) samlealbum
  • Statement (Sonet, 1994) liveinnspilling i The Cotton Club, New York
  • Statement 2 (Sonet, 1995) liveinnspilling i The Cotton Club, New York
  • A Completed Statement (Sonet, 1995) Statement og Statement 2
  • Mr. Blues Is Coming to Town (Universal, 2003) samlealbum


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referanse[endre | endre wikiteksten]