Rekombinasjon i kosmologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rekombinasjon er innan kosmologi at elektron, proton og nøytron vart kombinert til nøytrale atom av hydrogen og helium kring omtrent 400 000 år etter Big Bang. Suffikset re er i denne samanheng misvisande sidan dette var første gang i historia til universet at det vart danna nøytrale atom. Rekombinasjonen medførte at talet på frie elektron i universet fall drastisk. Dermed vart universet gjennomsiktig for elektromagnetisk stråling. Fotona har flytta seg praktisk talt fritt i dei meir enn 13 milliardar åra som har passert frå den gangen til i dag. Det tyder at når vi observerer den kosmiske bakgrunnsstrålinga, så observerer vi korleis universet var 400 000 år etter Big Bang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]