Rektasensjon
(Omdirigert frå Rektascensjon)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Rektascensjon eller rektasensjon er ein koordinat på himmelkula, vinkelavstand parallell på himmelekvator, det vil seie lengdegrader på himmelen. Rektasensjon blir rekna i timar, minutt og sekund. Nullpunket er vårjamdøgnpunktet (der sola kryssar ekvator på veg nordover kvart år) og blir oppgjeve langs ekvator i retning frå vest mot aust (mot urvisaren). Rektascensjon til ei stjerne i tidsmål gjev derfor i stjernetid kor mykje seinare stjerna kulminerer enn vårjamndøgnspunktet. Tilsvarande breiddegrader på himmelen heiter deklinasjon.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Rektascensjon», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014