Relasjon i matematikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Relasjon i matematikk uttrykker forholdet mellom to eller fleire matematiske storleikar og spelar ei viktig rolle innan alle område av matematikken. Døme på enkle relasjonar som vert nytta på tal er «større enn», «mindre enn» og «er lik». Til dømes tyder a>b av talet a er større enn talet b. Om relasjonane omfattar to storleikar kallar ein det ein binær relasjon. Ein binær relasjon R er fullstendig avgjort når ein veit kva for par (a,b) han er gyldig for.

Relasjonar vert òg nytta om mengder.

Relasjonar med fleire ledd finst òg , som til dømes «x ligg mellom 2 og 4».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]