Hopp til innhald

Remscheid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Remscheid
by
Rådhuset i Remscheid.
Foto: Hans Peter Schaefer
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Nordrhein-Westfalen
Region Düsseldorf
Landkreis Kreisfri by
Høgd 365 m
Areal 74,52 km²
Folketal 112 970 (31. desember 2023)
Grunnlagd 1100-talet
Postnummer 42801-42899
Retningsnummer 02191
Bilnummer RD
Kart
Remscheid
51°10′48″N 7°11′40″E / 51.1798706°N 7.1943544°E / 51.1798706; 7.1943544
Wikimedia Commons: Remscheid

Remscheid er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 115 000 innbyggjarar. Han ligg i den nordlege delen av Bergisches Land, sør for Ruhrområdet.

Remscheid vart grunnlagd på 1100-talet, men var berre ein liten landsby fram til 1800-talet. Tidlegare utgåver av namnet på byen var Remissgeid (1217), Rymscheyd (1351), Reymscheyd (1487) og Rembscheid (1639). Den økonomiske veksten i heile Rhin-Ruhr-området førte til folkevekst i Remscheid. Maskinteknikk og produksjon av verktøy var hovudnæringane til byen.

Den 31. juli 1943, under den andre verdskrigen, vart Remscheid nesten heilt øydelagd under eit britisk bombetokt som skapte ein eldstorm.

Eit fly av type A-10 Thunderbolt II styrta i byen 8. desember 1988 og seks menneske omkom.

I dag består Remscheid av fire bydelar, Alt-Remscheid, Remscheid-Süd, Lennep og Lüttringhausen.

Kjende folk

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Remscheid