Restaurering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Restaurering er tiltak for å setje i stand eit bygg eller ein gjenstand slik at det får attende ein tidlegare skapnad og utsjånad.[1]

Omgrepet vert nytta på ulike måtar i ulike fagmiljø. Innanfor vernerørsla har ein nytta omgrepet både om gjenoppretting til opphavleg tilstand og gjenoppretting til ynskt tilstand.[2] Omgrepet vert i dag helst berre bruka om antikvarisk restaurering. Det inneber at arbeidet vert utført etter ein antikvarisk plan, og gjennomført med tradisjonelle materiale og verktøy, av handverkarar som kjenner dei tradisjonelle handverkteknikkane. Restaurering vil likevel innebere betydelege inngrep og forandringar, og skil seg slik frå konservering, som i antikvarisk samanheng ofte blir halde fram som idealløysinga.

I folkeleg språkbruk kan ordet feilaktig bli bruka om all slags vøling, også den som inneber modernisering. Innan kulturminnevernet vert ordet bruka om reparasjonar med vekt på å følgje antikvariske prinsipp. Praktisk restaureringsarbeid vil likevel vere et kompromiss mellom det å gjenskape ein opphavleg utsjånad og det å gjere gjenstanden eller byggverket tenleg for framtidig bruk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tschudi-Madsen, Stephan (4. juli 2019). «restaurering – kunst». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. «Badstova i Brunbakke». Valdresmusea]. Arkivert frå originalen 2016-03-06.