Reuben Fine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Reuben Fine
Reuben Fine (1961).jpg
Fødd 11. oktober 1914
New York by
Død

26. mars 1993
New York by

Yrke sjakkspelar, psykolog, akademikar, faglitterær forfattar
Reuben Fine på Commons

Reuben Fine (11. oktober 191426. mars 1993) var ein amerikansk psykolog, stormeister i sjakk og sjakkskribent frå New York City. Han var blant dei beste sjakkspelarane i verda frå midt på 1930-talet til slutten av 1940-talet, då han avslutta si sjakkarriere til fordel for forsking innan psykologi.

Reuben Fine sitt beste resultat var i AVRO-turneringa i sjakk i 1938, der dei då 8 beste spelarane i verda deltok. Fine fekk like mange poeng som Paul Keres, men Keres fekk likevel førsteplassen fordi han vann innbyrdes oppgjer mot Fine med 1½ - ½.

Reuben Fine fekk tilbod om å vere ein av 6 spelarar som skulle spele om Verdsmeisterskapen i sjakk 1948, men takka nei. VM vart deretter spelt med 5 deltakarar.

Verdssjakkforbundet FIDE utnemnde Reuben Fine til Stormeister i sjakk i 1950, som ein av dei 27 første.

Minneverdige parti[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]