Reynir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Merge-arrows.svg
Det er føreslått at denne sida blir fletta med Øvre Stabu-innskrifta. (Sjå eventuelt diskusjon)

Reynir er den eldste runeinnskrifta i Noreg og ei av dei eldste i verda.

Omkring år 200 døydde ein krigar på garden Øvre StabuToten. Som skikken var, vart han brend på likbål, og fekk alle våpna med seg i grava. Blant desse var eit heilt spesielt spyd. På sjølve spydbladet var det rissa inn åtte runeteikn. Runene er tolka som det urnordiske «raunijaR» (norrønt: reynir). Ordet tyder 'den som røyner' eller 'den som prøver' (røynaren, prøvaren). Det er truleg eit kallenamn på eller ein ønskt eigenskap ved spydet eller spydberaren.

Det var i starten av 1890-åra at ein låg, vid haug på garden Øvre StabuØstre Toten vart graven ut. Han viste seg å innehalde fire graver frå om lag 150–200. I dei to i midten var to mannlege krigarar gravlagde, i dei to ytste to kvinner. Rike våpenfunn vitnar om at dei gravlagde krigarane var av høvdingætt. Blant funna var den tveegga spydspissen med runeinskripsjonen. Spydspissen er laga av jarn, og er av europeisk søraustleg type.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]