Ribe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 55°19′0″ N 8°45′0″ E
Ribe
by
Ribe - udsigt mod øst.jpg
byvåpen
Land Flag of Denmark.svg Danmark
Region Region Syddanmark
Kommune Esbjerg kommune
Koordinatar 55°19′0″ N 8°45′0″ E
Areal 743 km²
Folketal 8 142 (2013)
Folketettleik 11 / km²
Tidssone UTC +1
Denmark location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ribe
Nettstad: www.ribe.dk

Ribe er ein by og tidlegare kjøpstad i Esbjerg kommune i Region Syddanmark i Danmark. Byen vert rekna som den eldste i Danmark og vart grunnlagd på 700-talet.[1] Folketalet i Ribe by var 8 142 i 2013.[2]

Ribe var i tida 1970-2007 administrativt sentrum for den no oppløyste Ribe kommune, og for Ribe amt.

Namnet Ribe kan førast attende til det olddanske ripa, som tyder «stripe» eller «strimmel». Alternativt kan namnet stamme frå nordtysk og frisisk, med standnamna Riep og Riip, som ein meiner kjem frå det latinske ripa som tyder «flodbreidd».

Det gamle rådhuset i Ribe.

Ein trur at Ribe var ein by før 7-800 e.Kr, og at han var den leiande byen i Jylland i vikingtida og tidleg i mellomalderen, medan Hedeby (Haithapu) og Aalborg (Alabu) stod noko meir i skuggen av Ribe. Reelt sett var byen hovudstaden i Danmark tidleg i vikingtida.[1]

Byen har mange godt bevarte gamle bygningar, og meir enn hundre hus i byen er freda. Det eldste rådhuset i Danmark, som kan daterast attende til 1496, ligg på von Støckens Plads i Ribe. I 1709 vart eigedomen kjøpt av byen til rådhus. Byen har det eldste provinsmuseet i Danmark. Frå 1723 var Christian Falster rektor på katedralskulen i Ribe.

I litteraturen[endre | endre wikiteksten]

I romanen om Jantelova (En flyktning krysser sitt spor frå 1933) av den norsk-danske forfattaren Aksel Sandemose skriv forfattaren: «Menneskene kan man lige så godt henføre til Ribe eller Arendal.»

Turistmål[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Søren Olsen: Danmarks købstæder, 144 købstæder og andre gamle byer, Politikens Forlag 2000, side 152, ISBN 87-567-6203-8
  2. Danmarks Statistik: FOLK1 2013K4 (Vitja 11. februar 2014)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]