Rice University

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rice University
Rice University - Sally Port.JPG
Rice University Logo.png
Grunnlagt1912; 111 år sidan (1912)
StadHouston
Studentar7 643
Tilsette3 543

William Marsh Rice University, vanlegvis kjent som Rice University, er eit privat universitet i Houston i delstaten Texas i USA. Det blei grunnlagt i 1912, etter at William Marsh Rice blei drepen. Han hadde testamentert det meste av formuen sin til å skipa ein framifrå utdanningsinstitusjon.

Rice er eit forskingsuniversitet med fokus på byrjande studentar (undergraduates). Det har få studentar i høve til fakultet, med eit tilhøve på 6:1.[1][2]

Ved lærestaden var det 7 282 studentar[3] og 680 vitskapleg tilsette i 2019.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Rice at a Glance». The Office of Institutional Research. Rice University. Hausten 2018. Henta 12. februar 2019. 
  2. «Best Undergraduate Teaching, National Universities». Arkivert frå originalen 2017-03-08. 
  3. «Fall 2019 Enrollment». The Office of Institutional Research. Rice University. Arkivert frå originalen 2021-06-14. Henta 28. mai 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]